Forfattere: | Knut Veisten |
Rapportnr: | 715/2004 |
ISBN: | 82-480-0424-4 |
Språk: | English |
Denne avhandlinga, som består av seks metodiske og empiriske artiklar, tek for seg kasus frå skogarealet, med eit særskilt fokus på artsmangfaldet i skog. Den grunnleggande tilnærminga går på korleis oppretthalding eller endringar i omfanget av biodiversitet i ein skog kan bli samanlikna innanfor økonomisk analyse med endringar i tilgangen til skogprodukt med marknadsprisar. Biodiversitet vil normalt omfatte ikkje-marknadsgode / fellesgode. Det typiske scenariet er ein tilsynelatande konflikt mellom tømmerproduksjon og bevaring av spesielle skoghabitat som inneheld truga plante- og dyreartar. Den metoden som blir brukt til økonomisk verdsetting i endringar i artsmangfaldet i skog er betinga verdsetting (BV), ein intervjumetode som blir skildra og diskutert frå fleire synsvinklar i dei følgjande artiklane.